lørdag 4. september 2010

Rundtomforbi

Frida og Millenium Stadium. Vi skal truleg på kamp der ein gong, det blir bra. Studentar frå ein skule i sentrum av Cardiff tok oss med på ein runde i byen. Til lita eller inga nytte, pga masse vandring plassar og vegar ein ikkje plar gå! Samtlege hadde gnågsår på lilletåa. (personar med Converse sko).
Bak Millenium Stadium.
Folk var sliten i beina. Vi slappa av i parken. På bilete er Liisa til venstre og Malika (Mal på engelsk). Karianne chillar i front. Idag var det GAYFESTIVAL i parken. Har aldri sett så mange skeive mennesker på ein stad!! Dessutan er ikkje offentleg drikking forbode ved lov, det var mykje øl og sjå.

1 kommentar:

  1. Det ser fint ut der borte. Bra dere gjør dere kjent i området så vi får gode guider til vi kommer bort. Gleder meg

    SvarSlett